Uavhengig kontroll
1.1.2013 vart det innført nye reglar om obligatorisk uavhengig kontroll i byggesaker.
Kva er uavhengig kontroll?
Den uavhengige kontrollen skal sjå til at det er gjennomført kvalitetssikring av byggjearbeida, at prosjekteringa av tiltaket oppfyll krava i byggteknisk føreskrift (TEK10) og at byggjearbeida er utført i høve til teikningar og arbeidsskildringar.
Hensikta med reglane er å bidra til at det vert bygd med rett kvalitet og for å redusere byggfeil. Kontrollen vert innført på område som har betyding for liv, helse og tryggleik, og der konsekvensane av feil er alvorlege.
Kva skal kontrollerast?
I tiltaksklasse 1 er det krav om uavhengig kontroll av:
- Fuktsikring av søknadspliktige våtrom i bustader
- Lufttetthet i nye bustader – Eg utfører tetthetskontoll av byggningar etter NS –EN 13829.
Krava gjelder òg for fritidsbustader med meir enn éi bueining.
Kontakt oss
Adresse: Nedrehagen 26, 5590, Etne
Telefon: 53 75 65 27 / 415 66 055
E-post: larsolav@bergsvag.com