Energirådgjevning

Energirådgjevning

Ein kvalifisert energirådgjevar gjev deg ein plan for kva du kan prioritera når du skal oppgradera.

Støtte til energirådgiving er eit tilbod til deg som vurderer omfattende oppgradering av bustaden. Du kan få inntil 5.000 kroner i støtte for å nytta ein kvalifisert energirådgjevar som lagar ein tiltaksplan for oppgradering, og som samtidig energimerker bustaden din.

Tiltaksplanen vil gje ein oversikt over kva du kan gjere for at bustaden skal nytte mindre energi. Dersom du ynskjer å gjennomføre tiltaksplanen, kan du søke om Støtte til oppgradering av bolig.

Målgruppa er private bustadeigarar, og tilbodet passar best for deg som bur i einebustad, tomannsbustad eller anna småhus.