Verdi og lånetakst
Normal salsverdi
Normal salsverdi er det beløpet som takstingeniøren meiner at eigedomen normalt kan omsetjast for på takseringstidspunktet. Lagt til grunn at det er eit fritt sal i ein open marknad og med fleire interessentar.
Låneverdi
Ein meir forsiktig vurdert marknadsverdi som skal gje lånegjevar naudsynt sikring for panten i eigedomen.
Teknisk verdi
Den teknisk verdien på eit bygg er eit reknestykke som er sett saman av:
- Normale byggekostnadar for tilsvarande nye bygningar på staden oppført med aktuelle byggemateriale og metodar
- Frådrag for slit, elde, gjenståande arbeid og ukurante konstruksjonsløysingar (til dømes for lite isolasjon)
- Tomteverdien – marknadsprisen for råtomta med tillegg for tekniske grunninvesteringar og anna opparbeiding (td. mur og hage)
- Attraktivitet, som vert verdivurdert og kjem til uttrykk i tomteverdien
Atterhald i ein takstrapport og dokumentkontroll
Vanleg prosedyre for takstrapportar er at det vert gjort kontroll mot matrikkelen (eigedomsdata / heimelshavar). Ein eigedom kan også ha hefte eller servituttar – til vanleg er slikt tinglyst og registrert i Grunnboka.
Bruk av eigedomen og bygningane er òg underlagt godkjenning hjå kommunale myndigheiter – byggesak. Ved avhending bør det hentast inn slike opplysningar, noko som vanlegvis vert gjort av meklar.
NITO Takst presiserer at takstformatet Verdi- og lånetakst ikkje er ein tilstandsrapport med detaljert gjennomgang av alle bygningskonstruksjonar.
Verdi- og lånetakst er det tradisjonelle rapportformatet ved eigarskifte og vurdering av marknadsverdi. Ein Verdi- og lånetakst gjev ei kortfatta utgreiing om eigedomen og konkluderer med ei marknadsvurdering.
Verdi- og låntekast er òg aktuelt for kontroll og korreksjon av verdigrunnlag ved likningsformue og eigedomsskatt.
Kontakt oss
Telefon: 53 75 65 27 / 415 66 055
E-post: larsolav@bergsvag.com